Over nokre veker har Legria arbeidd med å setje opp eit 2,1 km langt gjerde i Ryvardsmarka i Sveio. Arbeidet inngår som ein del av eit større prosjekt som har pågått over nokre år, som grunneigarane, Rogaland Landbruksrådgjeving (NLR) og Sveio kommune står bak.
Området ligg like sør for Lyngholmsvegen, eit område med kystlandskap, ein del vegetasjon og mykje fjell. Dette betyr også at mange av pålane må stå på fjellgrunn, i tillegg til at gjerdelinja måtte bli rydda først. Gjerdet som blir sett opp er av typen HT-gjerde. Gjerdet vil vera ferdig oppsett i løpet av august 2017.
For å kunne få gjennomført prosjektet har det vore nødvendig å kjøpa inn ein del utstyr, i tillegg til det me har frå før. Gjerdeutstyret til Legria begynner å bli ganske bra:
- Påledrivar – Easy Petrol 78mm hylse
- Krampepistol – Tjep Krampepistol FS-40 GAS 2G
- Bensindriven borhammar – Honda Balder 45