I Sveio har Legria saman med Havneraas Bygg & Hage, hatt eit ryddeprosjekt ut mot Ryvarden i Sveio nå i haust. Arbeidet er gjort for Odd Eivind Knutsen som eig området langs vegen.
Ryddinga har vore for å opna opp landskapet langs vegen, for at det skal vera ei større oppleving for turgåarane. Det er svært mange som brukar vegen og dagleg var det mange som gjekk forbi, medan arbeidet føregjekk. Mange var glade for at ryddinga vart gjort, som så mange andre stader veks landskapet igjen.
Ein del av trea som vart felt, var store sitkagraner. Granene har stått fritt og hatt bra med lys, dermed så hadde dei også fått vakse ganske fritt med lange greiner. Sitkagranene er svartelista og er ikkje lenge ynskt i kystlandskapet, på grunn av at dei frøar seg og spreier seg utover. Alle sitkagranene både store og små vart fjerna. Tømmeret vil bli levert til Vestskog.
For ein del år sidan, var det ein stor skogbrann i Ryvardsmarka. Det har framleis vore nedbrente tre og stubbar som har stått igjen, desse har me også fjerna.
Etter at ryddearbeidet nå er gjort, har landskapet endra seg mykje. Det er mykje lysare og utsikten er langt betre enn den var før. For oss som har utført oppdraget, så har det vore eit kjekt oppdrag i eit flott landskap!