Første halvår 2019: utsiktsrydding, Kubbervik, Tittelsnes Fort

I første halvår 2019 har det vore stor og variert aktivitet. Det har vore ei blanding av eigne prosjekt og mange ulike oppdrag for andre. Prosjekta i regi av Legria har vore:

  • Utsiktsrydding Våge, Skålaskog, Lokna i Sveio.
  • Utsiktsrydding rundt Sveio sentrum – Nordskog og Tittelsnes Fort.
  • Utsiktsrydding i Etne frå Etne sentrum, Osnes og på Sørstranda.
  • I gang med nytt prosjekt i Etne, men dette står nå på vent på grunn av andre oppdrag.

For andre:

  • Fjerning av skog Isvik – Trovåg, ny gang og sykkelveg.
  • Rydding av skog i Kubbervik på Tysnes. Kubbervik er ein gamal handelsplass og utan veg. Ryddinga gjekk føre seg i bratt terreng over 3 veker.
  • Fleire mindre oppdrag.

Kubbervik

Eit oppdrag utanom det vanlege, på ein plass utan veg, bratt terreng og tett lauvskog. For å få rydda denne skogen måtte me tenka kreativt og finne på nye løysingar. Dette fekk me til og etter at me var ferdige var ikkje plassen til å kjenne igjen.

Tittelsnes Fort

Det var etter ynskje frå ordføraren i Sveio at dette området kom inn som ein del av eit utsiktsryddingsprosjekt. Fortet vart bygd av tyskarane under krigen og har seinare vore brukt av forsvaret og heimevernet, noko dei framleis gjer. Staden er open for alle og det er ein flott plass for besøkjande. Det finst mange minne frå krigen, blant anna lange skyttargraver, kanonstillingar, bunkersar med meir. Som så mange andre plasser gror landskapet igjen, rundt hus, langs skyttargravene og utsikten forsvinn. Det var dette ordføraren ynskte å få gjort noko med.

Legria klarte å få tak i midlar og arbeidet er nå gjort. Det ser langt betre ut nå etter at ein del av vegetasjonen er fjerna innafor den ramma me hadde for arbeidet.