Aktiviteten var stor også i andre halvår 2019 og året blei hektisk. Dette kom av både mange ulike oppdrag med ulike former for skogrydding for andre, eigne prosjekt og ulike konsulentoppdrag.
Skogryddingsprosjekta har vore:
- Utsiktsrydding i Etne langs E134, på Sørheim, Stødle, Grindheim og frå Lurasund til Kvammen.
- Linjerydding for Haugaland Kraft Nett frå Litledalen – Ølen, Kopervik til Skudeneshavn og deler av strekninga mellom Kopervik og Åkrehamn på Karmøy.
- Skogrydding langs E134 mellom Ølen og Ølensvåg for Statens Vegvesen.
Andre prosjekt i 2019
- Ny turveg til Himakånå, Nedstrand, prosjektleiar, oppdrag for Tysvær kommune.
- Ny turveg mellom Ølensvåg og Eikås for Vindafjord turlag, prosjektleiar. Har også hatt skogrydding langs vegen.
- Ny friidrettsbane på Etne Stadion, utarbeidd plan og prospekt. Oppdrag for Etne Idrettsråd.
Linjerydding
For Legria var dette ein ny type prosjekt. Arbeidet skulle bli gjennomført frå slutten av august og ut året. For å klare å gjennomføre arbeidet, måtte me leige inn ekstra folk og me hadde med oss ein fin gjeng frå Serbia. Prosjektet tok ca. 2 månadar i total gjennomføringstid.
Rydding langs E134 mellom Ølen og Ølensvåg
Statens Vegvesen og NCC tok kontakt ut på hausten, med spørsmål om me var interesserte i å rydda strekninga langs sjøen for opne opp og bli ferdig i løpet 2019. Det er brukt store beløp på ny sykkel- og gangsti, då ville det gjera seg også å få det fint ut mot sjøen. At dei kom til Legria, kom av at dei hadde høyrt mykje bra om utsiktsryddingsprosjekta Legria har gjennomført, Statens Vegvesen ynskte å køyra eit pilotprosjekt tilsvarande som me gjer, dvs. rydda lenger ut frå vegen der det er behov for å opna landskapet, og prøva dette ut sjølve.
Legria tok seg av heile prosjektet, alt frå planlegging, avtalar med grunneigarane, skogrydding, vekktransport av biomasse (tre, greiner), arbeidsvarslingslan (skiltplan) og trafikkdirigering. I prosjektet blei >95% av biomassen nytta til ved eller flisfyring.
Utsiktsrydding i Etne
Dette prosjektet har spreidd seg over året og blitt tatt mellom andre oppdrag. Ryddinga er blitt gjort langs E134, på Grindheim, Sørheim, Stødle, ved Stordalsvatnet og frå Lurasund mot Kvammen. Nå i januar er prosjektet i sluttfasen.
Ny turveg mellom Ølensvåg og Eikås
Arbeidet med å få på bygd denne vegen har tatt tid. Først ein lang planleggingsfase, søknadar om pengar og tippemidlar, fram til alt var klart for bygging i slutten av juni. Vegen er nå bortimot ferdig. Legria har vore prosjektleiar og me tok oss også av skogryddinga saman med nokre av grunneigarane, før maskinane kunne setja i gang. Nå på tampen er skiltplanen, retningsskilta og informasjonsskilta ferdig designa og klare for produksjon.
Ny friidrettsbane på Etne Stadion
Saman med Etne Idrettsråd, idrettslaga og Etne kommune, har Legria vore prosjektleiar for få planlagt ny friidrettsbane/stadion i Etne. Prospektet var ferdig i haust og blei oversendt Etne kommune som er eigar av stadion. Saka vil koma opp til politisk behandling i 2020.