– Vegen skal du ha (Medvind24.no)

«I heile vinter har eg vore med og rydda veg», syng Ola Tveiten. Men vegryddinga i vårt distrikt kan nok ikkje den gode Tveiten ta æra for.

Fjerning av tre og greiner

Legria as har skoga og rydda vegen frå Ølen til Ølensvåg for Statens Vegvesen. Her blir tre og greiner køyrt vekk til flisfyring. (Foto: Legria as)

AV: Toyni Tobekk PUBLISERT: 03. februar 2020

https://medvind24.no/folk/vegen-skal-du-ha

Køyrer du mellom Ølensvåg og Ølen for tida, har du kanskje lagt merke til kor ryddig og ope det har blitt ned mot fjorden? Det har ikkje skjedd av seg sjølv. Så slår ein kanskje inn vidopne dører med slike utsegn, men faktum er at denne ryddejobben var nesten som eit lite nybrottsarbeid å rekna. I alle fall for oppdragsgivaren, Statens vegvesen.

Bedrifta Legria as fyller 5 år i år, og kan samstundes feira femårsjubileum som medlem av Medvind Næringshage. Leif Strand er kontortilsett og Leif Grindheim driv bedrifta. (Foto: Toyni Tobekk)

– Vanlegvis har vegvesenet ansvaret for at dei obligatoriske seks metrane nærast vegen sikrar god sikt og framkomme, men her ønskte dei i tillegg å driva utsiktsrydding, forklarar Leif Grindheim, som med bedrifta si, Legria as, har hatt ansvaret for nett denne jobben, på oppdrag for vegvesenet.

Rett og slett skulle det bli hyggelegare å køyra, sykla og gå på nye og etablerte vegar langs fjorden. I tillegg ønska vegvesenet at virket, altså restane etter ryddinga, skulle bli til biobrensel, seier Grindheim. Slik vart det, og nå er hovuddelen av virket for lengst køyrt vekk i konteiner, medan restane er blitt til ved. Og me kan nyta utsikta.

Lytta og læra

Dette er verken det første eller einaste skog- og vegryddingsprosjektet bedrifta Legria har jobba med. Grindheim remsar opp både tidlegare og nåverande prosjekt der oppdragsgjevarane har vore mellom andre Haugaland Kraft og Vindafjord turlag. Nå for tida jobbar dei med utsiktsrydding i Etne, gjerding av ein turveg mellom Ølensvåg og Bjoa, og med Himakåna i Tysvær. Fellesnemnaren for dei fleste av prosjekta dei jobbar med er at Legria tar på seg jobben med heile prosessen, frå planlegging, via grunneigaravtalar og sikring av finansiering, til praktisk gjennomføring.

Etter å ha jobba med dette nå i fleire år har Grindheim og medarbeidarane opparbeidd seg stor kompetanse og god kunnskap om kva som må til for å få gjennomført gode turvegprosjekt som gir tilgang til turområde som kanskje elles ville vore vanskelege å nå for mange. Grunneigaravtalar og finansiering er dei viktigaste faktorane for å få gjennomført prosjektet.  

Igjen, ganske opplagt, og samstundes er det ei kjent sak at slike prosjekt risikerer å dra ut i tid eller stoppa heilt fordi ein ikkje kjem til semje undervegs. Alt ligg i den gode samtalen, skal me tru Grindheim. Å setta seg ned og snakka saman, høyra på kva det er som til dømes gjer ein grunneigar skeptisk, og finna kva det er i prosjektet som kan gje verdi for både grunneigar og ålmenta, har vist seg å vera ein god strategi. Ein kjem langt med å lytta, er Grindheims råd.

Til å utføra det praktiske arbeidet med ryddinga har Grindheim inne eigne arbeidsfolk som er komme inn via NAV. Målet hans er at han skal greia å halda dei som ikkje går vidare ut i annan jobb sjølve i arbeid hjå seg. Per i dag har Legria derfor tre tilsette som jobbar med prosjekta, ein som jobbar med rekneskap og kontorarbeid, og ein som er inne ved behov.

Denne gjengen er dei som har vore lengst tilsette i Legria as: Nazar Abdulkarim, Mateusz Sobieraj og Cordula Bergh (Foto: Legria as).

Hjelp til utvikling

Leif Grindheim starta bedrifta si Legria as i 2015, etter meir enn 30 år som tilsett i offentleg og privat næringsliv. I tillegg til å driva prosjektutvikling innan turveg og skog- og utsiktsrydding, tilbyr han konsulenttenester innanfor bedriftsutvikling og Skattefunn.

– Viss ei bedrift til dømes opplever negativt resultat, eller at resultatet ikkje er som forventa, så kan me gå inn og sjå på kva dette kan komma av, forklarar han. I samråd med kunden vil han sjå på inntekter og utgifter for å kartlegga stoda. Har bedrifta gått med overskot året før, vil det vera interessant å sjå på kva som har endra seg og kva som har skapt endringa. Det er mange faktorar som er med og påverkar resultatet, og det er tilsvarande mange ting, som til dømes produksjons- og kommunikasjonsflyt, som kan tåla ei endring for at bedrifta skal komma i balanse att.

– Og aller helst bør me jo sjå på desse tinga før bedrifta byrjar å gå i minus, smiler han.

Arbeidet med utvikling av turen til Himakåna er også ein rein konsulentjobb, der Legria har vore ansvarleg for forprosjektet og etableringa av ei ny stifting, Nedstrandsvekst, som skal legga til rette for reiseliv og utvikling av tilknytt nærings- og friluftsaktivitetar i Nedstrand.

Flishogging er ein vesentleg del av ryddearbeidet for Mateusz Sobieraj, Nazar Abdulkarim og resten av arbeidslaget i Legria. (Foto: Legria as).

Når det gjeld Skattefunn så er dette ei ordning Leif Grindheim meiner mange fleire med fordel kunne nytta seg av. Kort fortald er Skattefunn ei statleg skatteordning som er til for å stimulera til vekst og utvikling. Bedrifter kan søka om eit delvis skattefritak for produksjon som er ny for dei, eller ny i bransjen, og som inneber ein viss økonomisk risiko. Legria hjelper kundar med å jobba seg gjennom søknadsprosessen og følgja opp rapporteringsplikta når prosjektet er oppe og går.

Ung bedrift med tung erfaring

25. februar fyller bedrifta Legria fem år. Opphavleg starta Leif Grindheim opp med heimekontor, men bestemte seg fort for å flytta til næringshagen i Ølensvåg. Nå har han vore i Medvind Næringshage sidan april 2015, og ser føremoner i så vel tilgang til møterom og alle kontorfasilitetar hjå Medvind og kantine hjå Omega, som det å ha eit kollegium og å vera del av eit miljø.

– Me er også godt plasserte i forhold til aktivitetane me driv med, då dei fleste av prosjekta me jobbar med er lokaliserte her og utover mot Haugesund, seier Legria-sjefen, som seier det å jobbe i prosjekt har ein eigen verdi.

– Det å følgja arbeidet heilt fram, og sjå at det blir til noko, er givande.