Det vanka både kake og overrekking av 5S-sertifikat, etter at forbetringsgruppa for verkstaden til Etne Auto klarte kravet for å bli sertifiert.
Svein Inge Kostveit, Vigleik Gutubø, Aslak Straumøy Taraldsøy og Asbjørn Sørheim Myking (gruppeleiar)
Sidan i vår har Etne Auto arbeidd med å få på plass eit 5S-system, for å skape forbetring i bedrifta. Etter å ha arbeidd målretta over tid, har dette nå gitt resultat og første mål er nådd, etter at verkstaden på Tongane klarte kravet for å bli 5S-sertifisert.
Målet med 5S-systemet, som er ein grunnleggande del av eit Lean, er at det på sikt skal gi ein effektivitetsgevinst og eit forbetra økonomisk resultat. 5S står for å sortera, systematisera, skina, standardisera og sikra. For å kunne bli 5S sertifisert må ein nå eit visst tal poeng på ein gitt og standard poengskala for dei 5 områda, og det er dette Legria nå har godkjent.
For å arbeide med 5S, er medarbeidarane inndelt i sjølvstendige forbetringsgrupper og her kan alle engasjere seg for å finna gode løysingar. Gruppene gjennomfører dei fleste endringane sjølve, dette gir fleire idear og betre løysingar. Det er altså forbetringsgruppa for verkstaden som nå klarte kravet for 5S-sertifisering. Gruppa har arbeidd godt over tid og det har gitt resultat. Dei andre forbetringsgruppene er også godt på veg for å klare kravet.
Å klare kravet for å bli 5S sertifisert, er ikkje enkelt og ikkje alle klarer å koma så langt. Mange jobbar hardt for å få til dette, men har problem med å koma heilt i mål. Det kan vera fleire ulike grunnar til det, men sjølv om mykje står igjen så er det svært viktig å klara å nå denne første store milepelen.
Legria har vore leigd inn av Etne Auto og Sveio Auto, for å hjelpe til med gjennomføringa av det interne forbetringsprosjektet over ein periode på 7 månadar. Legria har hjelpt til med opplæring av medarbeidarane, opplæring av koordinatorar, opplæring av forbetringsgruppene, rettleiing undervegs i prosessen, utarbeiding og integrering av ulike hjelpeverktøy, prosess for å finna dei rette måltala, innføring av tavle og daglege tavlemøte, laga enkle oppfølgingsverktøy/rapportar, etc. I tillegg har Legria utarbeidd nokre økonomiske oppfølgingsrapportar for selskapa, som lettare skal gi ein enkel og rask oversikt over den økonomiske utviklinga for hovudpostane.