Legria AS har inngått avtale med TMS Executive i Stavanger, om drift av leiarforum. Gjennom denne avtalen skal Legria ved Leif Grindheim, vera fasilitator for leiarforum (fagnettverk) som TMS Executive driv i Rogaland. I tillegg vil Legria fungere som TMS Executive sitt avdelingskontor på Haugalandet.
TMS Executive har 20 års erfaring innan erfaringsutveksling og tilbyr i dag leiarar eit vidt spekter av fag-/spesialistgrupper. Mykje av grunnen til suksessen er oppbygging av fora innanfor ulike bransjar og arbeidsfelt. TMS Executive har 32 grupper der leiarar innan ulike fagfelt møtest.
Både dagleg leiar Trond Martin Skjerpe i TMS Executive og dagleg leiar Leif Grindheim i Legria AS er godt fornøgde med avtalen og ser fram til eit utviklande samarbeid framover som kan styrke begge selskapa.
Meir informasjon om TMS Executive kan du finna på heimesidene her.