Buavåg er ei flott bygd i Sveio, mest kjent som ferjekai i sambandet Buavåg-Langevåg (Bømlo). At det er ein flott plass har ikkje vore så godt å sjå når me har kome køyrande, på grunn av all skogen som har stengt for utsikten. Me såg at her kunne det vera mogeleg å hogga Buavåg fram igjen, og få vist fram den flotte plassen som den verkeleg er.
Gullstien er ein del av Nordsjøløypa frå Ryvarden til Buavåg. Stien går gjennom gammalt kulturlandskap på garden Hovda ut til gullgruva, der det blei utvunne gull på 1870-talet. Gjennom ein del år har området rundt gullgruva grodd til og likeins med deler av vegen.
For å få dette til utsiktsryddinga, var me avhengige av at grunneigarane var interesserte og sa ja til å bli med. Det var mange eigarar, men med få unntak var dei positive til taket.
Arbeidet starta opp rett før Sankthans i Buavåg og heldt på 3 månadar frå oppstart til slutt. Når me held på brukar me å få mange positive tilbakemeldingar, men me aldri opplevd tilsvarande som i Buavåg. Me har fått kommentarar som at “dette er det beste som har skjedd i Buavåg, dei siste 20-30 åra”! Det er også blitt sagt til oss at i ferien då folk var ute på reise, vart det sendt oppdateringar om framdrifta og korleis det nå såg ut til dei som var bortreist. Kjekke tilbakemeldingar å få for oss!
Utsiktsryddinga viser svært godt igjen. Landskapet er endra, ved at det er nå mogeleg å sjå noko meir enn berre tre. Brukarane av området har nå betre utsyn mot kulturlandskapet med beite og slåttemark, samt til dei flotte plassane vest mot havet.