Legria er engasjert av Åkrafjorden Oppleving til å hjelpe til med utbetring av Langfosstien. Arbeidet med prosjektet starta i 2023 og vil halde i 3-4 år før stien er oppgradert. Totalt vil opprustinga kosta 10-15 millionar kroner og vil difor bli tatt over fleire byggetrinn. Dersom byggesøknaden bli godkjent vil opprustinga starta i slutten av augsut 2024.
Frå artikkel i Grannar 30.4.2024
Vil rusta opp stien ved Langfoss
Langfosstien venelag har planar om å utbetra Langfosstien frå E134 og opp til utsiktspunktet, grunna stor slitasje. Dei meiner det er viktig at det blir gjort tiltak for at stien skal bli tryggare.
Publisert 30. apr 24 kl. 05:00Oppdatert 8. mai 24 kl. 20:28
I hjarta av Åkrafjorden ligg Langfosstien, ein historisk sti som leier opp til eit spektakulært utsiktspunkt 348 meter over havet, med utsyn til den majestetiske Langfoss. Med aukande slitasje og rapporterte uhell har Langfosstien venelag tatt initiativ til ein nødvendig og omfattande utbetringsplan. Langfosstien har lenge vore ei populær rute for både lokalbefolkninga og turistar. Stien tilbyr tilgang til ikoniske DNT-hytter og den berømte Gullruta, men er mest kjend for sitt utsiktspunkt der besøkjande kan oppleve fossen i all si prakt. Over tid har auka trafikk og klimatiske tilhøve påført den gamle stølsvegen betydeleg skade, noko som har resultert i ei potensielt farleg rute for uerfarne turgåarar og miljømessige bekymringar som erosjon og habitatforstyrringar. Planar om utbetring Langfosstien venelag har derfor laga ein detaljert plan for å restaurera og oppgradera stien frå E134 opp til utsiktspunktet. Prosjektet inkluderer installasjon av omtrent 1.200 steintrinn, samt tillegg av grus og stigetrinn der det er nødvendig. Denne kombinasjonen vil ikkje berre sikra ei tryggare vandring, men også minimera menneskeleg påverknad på det omliggande miljøet.
John Karsten Hustveit FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
— Vårt mål er å gjera Langfosstien tilgjengeleg og trygg for alle besøkande, samtidig som det er viktig for oss å ivareta den naturlege skjønnheita og integriteten til landskapet rundt Langfoss, forklarar John Karsten Hustveit, leiar i Langfosstien Venelag.
Eit slikt prosjekt vil vera med på å setja Etne og Åkrafjorden på kartet Rune Ramsvik, Sparebankstiftinga Etne
Viktig miljøomsyn
I tillegg til dei fysiske forbetringane, legg prosjektet stor vekt på miljøomsyn. Ein miljørapport understrekar forsiktigheita av tiltaket for å unngå økosensitive område som fossesprutsone og nærliggande villreinhabitat. Stien er planlagt for å ikkje forstyrra desse områda, og det er ingen registrerte truga artar eller kulturminne som vil bli påverka av byggearbeidet.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Leif Grindheim frå Legria er prosjektleiar for Åkrafjorden oppleving, og kan opplysa at jobben i første omgang er å få godkjent byggesøknaden, og få finansiert oppgraderinga. — Me held på med å søkja om pengar i forskjellige stiftingar og fond, for det blir gåver og spelemidlar som skal finansiera dette. Byggesøknaden skal behandlast i hovudutvalet 29. mai, seier han. Han legg til at Langfosstien venelag har vedtekter slik at prosjektet blir godkjent for å søka finansiering i ei ordning som heiter Løypetiltak i fjellet og overnattingshytter.
Leif Grindheim.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
— Dette er ikkje den vanlege spelemiddelordninga, men ei ordning kulturdepartementet har sett ut til DNT som behandlar alle søknadar som kjem til slike løypetiltak i fjellet, seier Grindheim.
Langsiktig naturvern
Prosjektet reflekterer også ein større visjon om berekraftig turisme og friluftsliv, i samsvar med fleire av FN sine berekrafsmål inkludert god helse og livskvalitet, berekraftige byar og lokalsamfunn, og livet på land. Ved å betra turstien bidreg Langfosstien venelag ikkje berre til lokalbefolkninga sitt velvære og turisme, men også til langsiktig naturvern.
Prosjektet er ei stor økonomisk forplikting og vil krevja omfattande ressursar og fleirårig innsats planlagt gjennom eit kombinert opplegg av offentlege bidrag, private donasjonar og dugnadsarbeid. Oppstartsfasen er sett til hausten 2024, med fleire byggetrinn over dei komande åra for å fullføre heile strekninga på 1070 meter.
— Me er avhengige av samarbeidet med lokale myndigheiter, næringsliv og ikkje minst frivillige for å realisere dette prosjektet, seier Hustveit.
Startar med 250 meter
Byggefasen blir delt opp i fleire byggetrinn og i første trinn er det snakk om 250 meter av dei 1070 metrane til utsiktspunktet. Grindheim reknar med det vil ta 3-4 år å ferdigstilla heile prosjektet, for finansieringa av byggetrinna vil komma etterkvart. Første trinn er no finansiert, og har ein prislapp på rundt 2,85 millionar kroner. Ferdig prosjekt vil kosta rundt 11-12 millionar kroner. — Me har fått 150.000 kroner frå Sparebanken Vest, 200.000 frå SØK-stiftinga, 500.000 kroner av Olav Thon-stiftinga og rett før helga me beskjed om at Sparebankstiftinga i Etne gir oss 2 millionar kroner, og det finansierer rundt 250 meter, seier Grindheim. Han legg til at når byggesøknaden er godkjent, vil det også vera mogleg for privatpersonar og bedrifter å kjøpa enkle trinn for å vera med på spleiselaget.
Rune Ramsvik er dagleg leiar i Sparebankstiftinga Etne. Akrivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Rune Ramsvik i Sparebankstiftinga Etne er glad for å kunna vera med på å løfta større prosjekt i bygda, og at stiftinga kan vera med på å utgjera ein forskjell.
— Eit slikt prosjekt vil vera med på å setja Etne og Åkrafjorden på kartet, og me synest dette er eit spennande og allmennyttig formål, seier Ramsvik.