Ny gangveg med fjordutsikt
For den observante som ferdast E134 mellom Ølen og Ølensvåg er det ikkje berre ein flott gang-og sykkelveg som er ny. Sikta langs vegen og ut mot fjorden er blitt merkbart opnare.
Anne-Britt GrindheimPublisert 1. jan 20 kl. 17:03Oppdatert 2. jan 20 kl. 09:32Del
Statens vegvesen gjer prosjekta sine skikkeleg, når dei først held på ein stad.
Pilotprosjektet «utsiktsrydding» langs E134 viser godt igjen.
Etter mykje tålmodigheit for mjuke trafikantar, bilistar og syklistar langs strekninga mellom Ølensvåg og Ølen, begynnar det å nærme seg ferdigstilling av den nye gang- og sykkelvegen mellom dei to bygdene i Vindafjord.
Statens vegvesen har i same andedrag kome fram til at dei ønsker å rydde kratt og skog langs E134 og strandlinja heilt sør i Ølsfjorden der det nye veganlegget snart står klart. Her har skogen vore tett og tilgrodd, slik at særleg utsikta utover fjorden har vore skjult.
Trevirket går til ved og biobrensel i nærmiljøet
Leif Grindheim, Legria AS
Angelica Chamorro ved vegvesenet si driftsavdeling i Regionen sør seier dette tiltaket var naturleg å ta i denne runden.
— Når me først held på med ferdigstilling av gang- og sykkelveg her, ønsker me å levere frå oss ein totalpakke, med å gjennomføre opprydding langs fjorden, og fornying av rekkverket. Det er sett av midlar til slikt tiltak, fortel ho.
Pilotprosjekt
Dette har resultert i eit pilotprosjekt for å utnytte trevirke langs vegane til ved og flisfyring. Samstundes vert landskapet opna opp slik det ein gong var. Utsikta langs norske vegar vert meir og meir tilgrodd.
Små buskar vert store tre, som i verste fall kan forstyrre sikta for bilistane. Vegetaten ser på dette som eit nødvendig arbeid, som stat og kommunar bør ta på alvor inn i framtida, om det forsett slik med vekst langs trafikkerte vegbanar. Grunneigarar langs slike vegar har også eit ansvar her.
Statens vegvesen er bestillar igjennom pilotprosjektet, der NCC er oppdragsgivar. Legeria AS utfører alt praktisk arbeid i samband med utsiktsryddinga langs E134.
Til brensel
Leif Grindheim i Etne-bedrifta Legria AS fortel at dei ryddar opp etter seg, og nyttar 95 prosent av trevirket som dei fjernar.
— Trevirket går til ved og biobrensel i nærmiljøet, opplyser han.
For å gjennomføre prosjektet er det nødvendig å spele på lag med grunneigarar langs europavegen. Ifølgje grunneigar Øyvind Berge i Gjerdevika er dette berre positivt. Han nemner at eit godt samarbeid, der Roy Erik Hetland har vore kontaktperson, får mykje vellåt for måten det har gått fram på.
— Dette er kjempepositivt på alle måtar. Nå får me sjå livet på fjorden. Dette er fint og godt arbeid der alt trevirke vert nytta på ein god måte. Kantklipparane fer ikkje så fint åt i grøftekantane. Eg håpar Statens vegvesen får augo opp for nytteverdien i ryddinga, seier Øyvind Berge, ein fornøgd grunneigar.
Uvisst ansvar
Det at det har grodd slik til langs norske vegar dei siste åra, er noko dei aller fleste har fått med seg. Det tar ikkje berre utsikt til den ellers så vakre naturen me omgir oss med, når ein ferdast langs vegane. Det kan gå ut over trafikksikkerheita om det ikkje vert rydda og halde vedlike. Statens vegvesen brukar kantklipparar som tar inntil seks meter i grøftekantane, eit hærverk i grøftekanten vil mange meine.
Spørsmålet er kven som har ansvar for å halde krattskogen nede langs norske vegar, gir ikkje eit einstydande svar. Grunneigerar er oftast involvert og har muligeins eit ansvar, men Statens vegvesen som gjer ein innsats med kantklipparen der den kjem til, har også plikt til å rydda i området innafor veganlegget.