Leif Grindheim og Legria var innleigd som konsulent for å hjelpe til med kartlegging av leverandørar til reiselivet i Vindafjord. Kartlegginga viste at reiselivet har betyr mykje meir for Vindafjord enn det som tidlegare har vore kjent og at total omsetning frå reiselivet i kommunen kan utgjera 50-70 millionar kroner i året.
Her er informasjon om prosjektet frå ein artikkel i Grannar 9. februar 2024.
Slik skal dei få fleire turistar til Vindafjord
Vindafjord har førebels fått ta lite del i turist-boomen på Haugalandet dei siste åra. Nå satsar Morten Helland i Medvind24 Næringshage og Leif Grindheim i Legria på at eit nytt prosjekt kan få fart på sakane.
Publisert 9. feb 24 kl. 05:00 Oppdatert 9. feb 24 kl. 06:46
— Me ønskjer å dra turistar til Vindafjord og skape meirverdi, seier forretningsutviklar Morten Helland i Medvind24 Næringshage.
Medvind begynte å jobbe med reiselivsprosjektet i fjor haust. Kostnadsramma er 200.000 kroner, der av 100.000 frå Regionalt næringsfond i Rogaland 2023. Prosjektet har som mål å identifisere, evaluere, og etablere samarbeid mellom lokale leverandørar for å skapa ei meir berekraftig, autentisk, og positiv oppleving for både turistar og lokalsamfunnet.
Styringsgruppa i prosjektet består av representantar frå Vindafjord kommune, Åkrafjorden Oppleving, næringslivet, og Medvind.
I dag er det ofte store arrangement som får store folkemengdar til Vindafjord. Nå blir det jobba på å få opp den jamne besøkslysta blant turistar. Her frå
Kystkulturdagane i Sandeid i 2017. Arkivfoto
Vil få oversikt
I januar engasjerte Medvind Legria i prosjektet. Dagleg leiar Leif Grindheim i Legria fortel at første fase er å kartlegge reiselivet i Vindafjord og få oversikt over leverandørar som driv med reiselivsrelaterte aktivitetar. Det kan vere alt frå matsal og utleige av kajakk, hytter, syklar og båtar til guida turar.
— Både dei som allereie er i ein bransje og dei som ønskjer å etablere seg kan bli med. Det kan vere stort og smått innanfor alt mogleg, fortel Helland.
Som oppstart inviterer Medvind til ei gratis samling i bygget sitt i Ølensvåg 22. februar. Her vil Margrethe Helgebostad frå Innovasjon Norge snakke (via Teams) om kva som kjenneteiknar den vestlandske turisten. Kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling kjem for å informere om Vindafjord sin reiselivsstrategi, og John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving skal fortelje om reiselivssatsinga i Åkrafjorden. Påmeldingsfrist er 19. februar. Dette er den første den første av to workshopar i prosjektet.
— I workshop nummer to skal ein sjå litt meir konkret på korleis ein kan gå vidare og eventuelt samarbeide, fortel Grindheim.
Håpar på samarbeid
Grindheim har henta tal frå utleigeportalane Airbnb og Novasol. Han poengterer at det er ganske mange aktørar i Vindafjord, fleire enn eksempelvis i Sauda og omtrent som i Etne. Han har også undersøkt bransjar som matsal.
— Kvar for seg er det mange flinke som gir eit tilbod, men om ein skal få inn mest mogleg pengar må ein vere synleg. Med kartlegginga håpar me å møte nokre entusiastar som vil gå i spissen. Det trengs eldsjeler som ser verdien av kva ein kan oppnå med å samarbeide, seier Grindheim.
Prosjektet skal leggje til rette for samarbeid og potensielt eit bransjenettverk. Grindheim og Helland er imponert og inspirert av kva Åkrafjorden Oppleving har fått til dei siste åra.
Det kjem fleire bussar med turistar for oppleve Åkrafjorden gjennom heile året. Dette inspirerer prosjektet i Vindafjord. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Ser potensial
Før kartlegginga er det avgrensa med fersk informasjon og turismen og ringverknadane av den i Vindafjord. Då Haugaland Vekst publiserte ein regional reiselivsstrategi for Haugalandet i 2019 skåra kommunen lågt. Reiselivet si verdiskaping per innbyggjarane i Vindafjord var 385 kroner, langt bak Etne (4.002), Haugesund (7.920), Suldal (14.109) og landssnittet (7.029).
— Det kan nesten berre gå opp. Marknadsføring er viktig og der er eksempelvis Ryfylke flinke, seier Grindheim.
Han håpar at prosjektet kan bidra til at ein greier å marknadsføre Vindafjord saman. Med fjordar og fjell med lokalt populære tur- og skiløyper har Vindafjord tilsynelatande natur å selje. I tillegg ligg det historie i alle dei ni bygdene.
— Det er definitivt potensial for å få fleire turistar til Vindafjord, seier Helland.
Cruiseturisme er eit av områda Morten Helland og Leif Grindheim håpar at kan bli aktuelle i Vindafjord på lang sikt. Her er MS Langfoss i Ølen under Sjoardagen i 2023. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen FOTO: Svein-Erik Larsen
Ein av dei fremste motorane til turistnæringa på Haugalandet dei siste åra er cruiseturismen. Helland seier at kartleggingsarbeidet i prosjektet kan legge grunnlag for eit cruisebåt-anløp i Vindafjord, og viser til Fjord Norge sine satsingar internasjonalt.
— Dersom me klarer å gjere oss interessante nok for operatørane er det eit ønskje om å sjå cruisebåtar i fjordane her, fortel Helland. Grindheim understrekar at ein er avhengig av å bygge opp tilbodet. Ein del av turistveksten rundt omkring på Haugalandet skuldast at cruiseturistane som kjem til Haugalandet blir køyrd i bussar til blant anna Åkrafjorden. Helland og Grindheim fortel at dette absolutt er ei gruppe dei håpar Vindafjord kan ta del i, men at dei er avhengige av å ha noko å tilby.