Turvegen mellom Ølen og Etne har blitt ein stor suksess. Legria har utført det meste av arbeidet med å få laga turvegen, samt nyopprustinga av tyskerbunkersen på Fikse. Leif Grindheim har vore prosjektleiar og medarbeidarane til Legria har utført det meste av det praktiske arbeidet. Det praktiske arbeidet har vore fjerning av skog og kratt, gjerding, rydda inne i bunkersen, I alt har det vore med 8 personar i kortare eller lengre tid på prosjektet. Tre personar, Mateusz Sobieraj, Jon Aarekol og Kewin Lawson, har vore med på det meste av arbeidet.
Legria har ein avtale med Vindafjord Turlag om å ta seg av arbeidet med å få gjennomført turvegprosjekta til turlaget. I dette ligg organisering, få på plass avtalar, søknadar om tilskot, skilting (informasjonstavler, retningsskilt) m.m., samt det praktiske arbeidet med å få gjennomført turprosjekta.
Her er linkar til diverse artiklar om turvegen frå 2017