Sidan november 2017 har Legria ved Leif Grindheim vore leigd inn som prosjektleiar av Haugaland Vekst/Tysvær kommune. Arbeidet går ut på å arbeida med nødvendig tiltak på Nedstrand, for at Himakånå skal kunne blir ein stor turistdestinasjon og utnytte potensialet som kan ligge her.
Sommaren 2017 skjedde det mykje rundt Himakånå i Hinderåvåg. Det starta med innlegg på sosiale kanalar, artiklar i aviser, besøk av NRK og på kort tid var Himakånå kjent langt utover Nedstrand. Besøkstala eksploderte, det var dagar med meir folk og bilar enn det låg til rette for. På det verste var det så stor mangel på parkering, at enkelte parkerte til og med inne i hagane til folk. Det var altså stort press på parkeringsplassar, problem med toalett, m.m. Haugaland Vekst saman med Tysvær kommune og lokale aktørar i Nedstrand starta tidleg hausten 2017, arbeid for å få på plass tiltak før sesongen 2018 og meir langsiktige tiltak.
I løpet av vinteren er det blitt arbeida med ei lang rekkje tiltak. Det er blitt opprett ei ny stifting, Stiftinga Nedstrandsvekst, som skal ivareta lokale interesser og ta seg av tilrettelegginga for turistmålet. Stiftinga skal arbeide tett med nærngsliv, lag og foreiningar i Nedstrand, og vera ein pådrivar for auka aktivitet i bygda. Det blir også arbeidd med ny turveg til Himakånå, som etter planen skal vera ferdig på våren 2019.