Onsdag 19. september var det full storm på Vestlandet, det var restane av den tropiske stormen «Helene» som slo til. Dette viste godt igjen mange stader, ein av dei var ute på Osnes. Etter stormen låg det igjen mange rotvelter med gran og bjørk på friluftsområdet til Olav Vik Stiftelsen, like ved barnehageområdet. Etter at mykje av granskogen var felt tidlegare i år, er trea som står igjen svært utsett for sterk vind.
Sidan Legria var i området og heldt på med utsiktsrydding, fekk me også spørsmål om me kunne ta oss av rotveltene ved barnehagen. Under kyndig rettleiing av Roy Erik Hetland, tak han saman med Mateusz Sobieraj og Dominik Paziewski seg av oppryddingsarbeidet.